Er du vår nye einingsleiar i Bu- og miljøtenesta? Vi har ledig stilling som
Om denne stillingen
Vi ser etter einleiar som kan inspirere, motivere og leie med kunnskap og empati. Er du klar for å ta utfordringa?
Helse- og omsorgsetaten søkjer etter einingsleiar til Bu- og miljøtenesta i Askvoll kommune. Dette er ei administrativ 100% fast stilling frå snarast, og vi søkjer etter deg som ynskjer å vere med å utvikle gode tenester i eit hektisk miljø.
Bu- og miljøtenesta har blant anna ansvar for aktivitetstilbod, butilbod i omsorgsbustader, tiltak i heim, BPA, omsorgsstønad, støttekontakt, avlastningstilbod. Vi er i ferd med å sjå på andre måtar å organisere tenesta på, og du vil vere ein naturleg bidragsytar og pådrivar i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver:
- Ansvar for dagleg drift
- Personal- , økonomi- og fagansvar i samsvar med oppsette mål og rammer
- Samhandling med tenestemottakarar og deira pårørande
- Samarbeid og samhandling med andre internt og eksternt
- Vidareutvikling av tenestene
- Årsturnus
- Internkontroll
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar, fortrinnsvis vernepleiar. Anna relevant utdanning på bachelor eller masternivå kan bli vurdert.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Det er ynskjeleg med vidareutdanning innan leiing og administrasjon samt leiarerfaring
Personlege eigenskapar:
- Er tydeleg og har evne til å leie andre
- Har god kommunikasjons- og samhandlingsevne
- Har ei løysningsorientert innstilling
- Godt humør og positiv innstilling
Vi tilbyr:
- Sjølvstendig stilling
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver, høve til personleg utvikling
- Eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
- Offentleg forsikring og pernsjonsordning (KLP)
- Løn etter avtale
- Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
- Askvoll kommune vil vere hjelpsame med å skaffe bustad
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Markedsinnsikt
Lignende stillinger
Musher
Vil du jobbe som privat hushjelp?
Bartender
Tilkallingsvikar søkes – renhold og trappevask i Oslo
Vi søker booking-og resepsjonsmedarbeider
Tegnspråktolk eller annen tegnspråkkompetanse? 100 % dagtid på Sunnmøre
Ofte stilte spørsmål
Hvilken lønn kan jeg forvente?
Denne stillingsannonsen oppgir ikke lønn. Lignende stillinger i Norge ligger ofte rundt 720 000 kr i lønn (median basert på 275 stillinger).
Hvordan søker jeg på denne stillingen?
Åpne den opprinnelige kildesiden og kontakt arbeidsgiveren der. Finder tar aldri betalt av jobbsøkere.
Er disse stillingene oppdaterte?
Ja. Finder oppdaterer jevnlig ledige stillinger fra offentlige kilder og fjerner utløpte annonser.
Hvor kan jeg se ansettelsestype og arbeidsform?
De viktigste vilkårene vises over beskrivelsen. Du kan også åpne lignende stillinger hos Askvoll kommune Helse og omsorg og i Norge.