Helgestilling i psykisk helse- og rustjenesta (arbeid hver 2. helg)
Om denne stillingen
Vil du bli ein del av eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø?
Vi søkjer ein dyktig og omsorgsfull medarbeidar til ei fast helgestilling med arbeid kvar 2. helg i vår rus- og psykiatriteneste.
Hos oss får du moglegheit til å arbeide innan eit spennande og meiningsfylt fagfelt, der du bidreg til å skape tryggleik, meistring og gode kvardagar for menneske med utfordringar knytt til rus og psykisk helse.
Du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, høg fagleg kompetanse og fokus på kvalitet i tenestene. Stillinga passar godt for studentar innan helse- og sosialfag, fagarbeidarar eller andre med interesse for arbeid innan psykisk helse og rus.
Arbeidstid: Kvar 2. helg, med moglegheit for ekstravakter etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Du skal bidra til å styrkje brukarane sine eigne ressursar og meistringsevne gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid og individuelt tilpassa oppfølging.
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
- Oppfølging av brukarar i eigen bustad
- Miljøterapeutisk arbeid, støttesamtalar og relasjonsbygging
- Rettleiing og støtte i daglege gjeremål
- Motivasjonsarbeid som fremjar meistring og sjølvstende
- Planlegging og gjennomføring av aktivitetar
- Medikamenthandtering i tråd med gjeldande rutinar og prosedyrar
- Observasjon og oppfølging av psykisk og somatisk helse
- Dokumentasjon og journalføring i fagsystem
- Samarbeid med pårørande, kollegaer og aktuelle samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Interesse for arbeid innan rus- og psykisk helse
- Erfaring frå helse-, omsorgs- eller sosialfagleg arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Grunnleggande digitale ferdigheiter
- Førarkort klasse B
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjær oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
Vi legg stor vekt på personleg eignaheit og ser etter deg som:
- møter menneske med respekt, openheit og omsorg
- har evne til å byggje tillit og skape gode relasjonar
- er trygg og sjølvstendig i arbeidshverdagen
- tek ansvar og bidreg til gode løysingar
- samarbeider godt med andre og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- er fleksibel og løysingsorientert
Vi er opptekne av å finne rett person til stillinga. Evne til relasjonsbygging, engasjement for brukargruppa og motivasjon for å bidra til gode tenester vil bli tillagt stor vekt. Studentar innan relevante helse- og sosialfaglege utdanningar vert oppmoda til å søkje
Vi tilbyr
- Eit meiningsfylt arbeid i eit viktig samfunnsoppdrag
- Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- God opplæring og moglegheit for fagleg utvikling
- Løn etter tariff og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Gunstige studentavtalar ved arbeid i definerte sommarveker
- Gratis parkering, bedriftsidrettslag og andre personalgode
Kontaktinformasjon
Ingeborg Røthe Lekve, Avdelingsleder, +47 45721377, ingeborg.rothe.lekve@klepp.kommune.noArbeidsstad
Olav Hålandsveg 24351 KLEPPE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5206211204
Stillingsprosent: 26,42%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 30.11.2026
Markedsinnsikt
Lignende stillinger
Musher
Vil du jobbe som privat hushjelp?
Bartender
Tilkallingsvikar søkes – renhold og trappevask i Oslo
Vi søker booking-og resepsjonsmedarbeider
Tegnspråktolk eller annen tegnspråkkompetanse? 100 % dagtid på Sunnmøre
Ofte stilte spørsmål
Hvilken lønn kan jeg forvente?
Denne stillingsannonsen oppgir ikke lønn. Lignende stillinger i Norge ligger ofte rundt 720 000 kr i lønn (median basert på 275 stillinger).
Hvordan søker jeg på denne stillingen?
Åpne den opprinnelige kildesiden og kontakt arbeidsgiveren der. Finder tar aldri betalt av jobbsøkere.
Er disse stillingene oppdaterte?
Ja. Finder oppdaterer jevnlig ledige stillinger fra offentlige kilder og fjerner utløpte annonser.
Hvor kan jeg se ansettelsestype og arbeidsform?
De viktigste vilkårene vises over beskrivelsen. Du kan også åpne lignende stillinger hos Klepp kommune, Psykisk helse og rus, døgnteneste og i Norge.