Barnehagelærarar på Flatraket
Om denne stillingen
Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn?
Flatraket barnehage har ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 18.03.2027.
Barnehagen ligg sentralt på Flatraket, med gangavstand til skule, butikk, fotballbane og ein nydeleg natur med både fjell, skog og fjøre som vi lettvint kan gjere oss nytte av. Vi har eit tett samarbeid med skulen, og har mange felles aktivitetar gjennom året. Barnehagen har dette året ei avdeling (frå 1-6 år), med 14 barn og 4 tilsette.
Flatraket barnehage ønskjer å vere ein barnehage der alle barn og vaksne skal trivast og utvikle seg.
- Vi ynskjer å skape ein god og trygg kvardag for barn, foreldre og tilsette.
- Vi ynskjer å møte det einskilde barnet og familien med openheit og respekt.
- Vi ynskjer at kvardagane skal vere prega av glede og humor.
Alt dette kan DU vere med på å vidareføre og utvikle, i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
Som barnehagelærar hos oss får du ansvar for å arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske arbeidet, og du vil vere ein viktig del av eit engasjert team som har barnas beste i fokus!
Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø? Vi gler oss til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen
- Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
- Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
- Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Samarbeide med øvrige tilsette
- Rettleiingsansvar for øvrige tilsette
Kvalifikasjonar
- For stilling som barnehagelærar er det krav om 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar
- Andre søkjarar med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget/ helsefag eller med relevant erfaring vil verte vurderte, dersom det ikkje melder seg kvalifiserte barnehagelærarar.
Personlege eigenskapar
- Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg
- Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig
- Du har evne til å sjå det enkelte barnet
- Du har evne til å handtere ei større barnegruppe
- Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
- Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn
Vi tilbyr
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
- Godt og nært fagleg samarbeid
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden, og at du oppgir referansar.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Har du spørsmål om barnehagen kan du kontakte styrar Helena Gangeskar Fure på tlf 911 87 136.
Kontaktinformasjon
Helena Fure, Styrar Flatraket barnehage, 91187136, helena.fure@stad.kommune.noArbeidsstad
Fv618 2206717 Flatraket
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5208435273
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026
Markedsinnsikt
Lignende stillinger
Musher
Vil du jobbe som privat hushjelp?
Bartender
Tilkallingsvikar søkes – renhold og trappevask i Oslo
Vi søker booking-og resepsjonsmedarbeider
Tegnspråktolk eller annen tegnspråkkompetanse? 100 % dagtid på Sunnmøre
Ofte stilte spørsmål
Hvilken lønn kan jeg forvente?
Denne stillingsannonsen oppgir ikke lønn. Lignende stillinger i Norge ligger ofte rundt 720 000 kr i lønn (median basert på 275 stillinger).
Hvordan søker jeg på denne stillingen?
Åpne den opprinnelige kildesiden og kontakt arbeidsgiveren der. Finder tar aldri betalt av jobbsøkere.
Er disse stillingene oppdaterte?
Ja. Finder oppdaterer jevnlig ledige stillinger fra offentlige kilder og fjerner utløpte annonser.
Hvor kan jeg se ansettelsestype og arbeidsform?
De viktigste vilkårene vises over beskrivelsen. Du kan også åpne lignende stillinger hos Flatraket barnehage, Stad kommune og i Norge.