Sjukepleiarar
Om denne stillingen
Kom og bli med oss! Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar som ønskjer ein variert, lærerik og meiningsfull arbeidskvardag.
- 2 x 100 % fast stilling
- 3 x 100 % vikariat
Hos oss får du arbeide tett med pasientar innan nevrologi, spesialisert rehabilitering og indremedisin. Du blir ein del av eit fagmiljø der samarbeid, kompetansedeling og utvikling står sentralt, og der du får høve til å byggje brei klinisk erfaring.
Nevrologi og rehabilitering sengepost er lokalisert i 4. etasje i nybygget LIVA og har 26 moderne einerom. Sengeposten omfattar 12 nevrologisenger, inkludert to overvakingssenger for slagpasientar i akuttfasen.
Vi har også åtte senger innan spesialisert rehabilitering og ei treningsleilegheit, der vi følgjer pasientar gjennom viktige steg på vegen tilbake til kvardagen. I tillegg har vi fem medisinske senger med hovudvekt på indremedisinske tilstandar.
Du møter pasientar i ulike fasar av sjukdom og rehabilitering, noko som gir ein spennande og variert arbeidskvardag. Vi er stolte av eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Kompetanseheving er eit viktig satsingsområde for oss. Du får høve til å delta på vidareutdanning og faglege utviklingstiltak innan nevrologi, rehabilitering og geriatri.
Har du interesse for nevrologi, rehabilitering eller indremedisin, håpar vi at du vil søkje hos oss. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi opnar opp for at også vernepleiarar og helsefagarbeidarar kan søkje
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for sjukepleiefaglege oppgåver som pasientoppfølging, forsvarleg medikamenthandtering, legevisitt, samtalar med pårørende m.m.
- Dokumentasjon (Dips, Meona, Imatis).
- Undervisning og rettleiing av andre yrkesgrupper, kollegaer, pasientar, pårørande og studentar
- Delta i tverrfagleg team omkring pasientar med komplekse problemstillingar og med behov for koordinerte tenester
- Medverking i utvikling av fag og kvalitet i sengeposten.
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon
- Praksis eller interesse for dei aktuelle fagområda
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og ansvarsbevisst
- Løysingsorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
- Fleksibel og engasjert
- Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Kunne bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Ein læringsrik arbeidsplass med høgt fagleg nivå
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Turnus med moglegheit for langvakter.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sirianne Pidic, Seksjonsleiar, (+47) 924 99 376Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5205443150
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 14.12.2026
Markedsinnsikt
Utforsk lignende stillinger
Lignende stillinger
Musher
Vil du jobbe som privat hushjelp?
Bartender
Tilkallingsvikar søkes – renhold og trappevask i Oslo
Vi søker booking-og resepsjonsmedarbeider
Tegnspråktolk eller annen tegnspråkkompetanse? 100 % dagtid på Sunnmøre
Ofte stilte spørsmål
Hvilken lønn kan jeg forvente?
Denne stillingsannonsen oppgir ikke lønn. Lignende stillinger i Norge ligger ofte rundt 720 000 kr i lønn (median basert på 275 stillinger).
Hvordan søker jeg på denne stillingen?
Åpne den opprinnelige kildesiden og kontakt arbeidsgiveren der. Finder tar aldri betalt av jobbsøkere.
Er disse stillingene oppdaterte?
Ja. Finder oppdaterer jevnlig ledige stillinger fra offentlige kilder og fjerner utløpte annonser.
Hvor kan jeg se ansettelsestype og arbeidsform?
De viktigste vilkårene vises over beskrivelsen. Du kan også åpne lignende stillinger hos Nevrologi og rehabilitering sengepost, Helse Førde og i Norge.