ID 2497 Helsefagarbeidar - Eining for institusjonar
Om denne stillingen
Eining for institusjon har to bygg, Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar i tillegg til dagtilbod og Knutsaåsen omsorgssenter 46 plassar fordelt på 2 avdelingar.
Me har ledig fast 100% stilling for autorisert helsefagarbeidar, frå snarast.
Stillinga er for tida i somatisk avdeling Knausen/Kringsjå på stord sjukeheim og er i turnus enten 2 delt turnus dag/kveld og 3. kvar helg eller langvaktsturnus med 13,5 timars vakter og kvar 4. helg.
Som helsefagarbeidar i våre avdelingar vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tett opp mot andre faginstansar. Ved institusjonane arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Institusjonane no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane. Stord kommune er ein TØRN kommune der me saman jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester. Du som helsefagarbeidar vil få ei viktig rolle inn i dette arbeidet.
Arbeids- og ansvarsområde:
I denne stillinga vil di ta del i og ha ansvar for:
-
samhandling og tverrfagleg samarbeid
-
målretta miljøarbeid
-
tilrettelegging for kvardagsmeistring
-
tiltak, evaluering og dokumentering
-
å styrka fokus på autonomi og ivaretaking av grunnleggande rettighetar for pasientane
-
palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.
-
legemiddelhandtering, (må gjennomgå opplæring, kurs og passeringstest for å delta i dette)
-
fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.
-
å vera med i ei aktiv faggruppe som driv avdelinga framover saman med andre faginstansar.
Kvalifikasjonskrav:
-
Autorisert helsefagarbeidar.
-
Det er ynskjeleg med erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre
-
Relevant fagskuleutdanning vil vere ein fordel.
-
Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Politiattest:
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.
Me kan tilby:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Markedsinnsikt
Utforsk lignende stillinger
Lignende stillinger
Musher
Vil du jobbe som privat hushjelp?
Bartender
Tilkallingsvikar søkes – renhold og trappevask i Oslo
Vi søker booking-og resepsjonsmedarbeider
Tegnspråktolk eller annen tegnspråkkompetanse? 100 % dagtid på Sunnmøre
Ofte stilte spørsmål
Hvilken lønn kan jeg forvente?
Denne stillingsannonsen oppgir ikke lønn. Lignende stillinger i Norge ligger ofte rundt 720 000 kr i lønn (median basert på 275 stillinger).
Hvordan søker jeg på denne stillingen?
Åpne den opprinnelige kildesiden og kontakt arbeidsgiveren der. Finder tar aldri betalt av jobbsøkere.
Er disse stillingene oppdaterte?
Ja. Finder oppdaterer jevnlig ledige stillinger fra offentlige kilder og fjerner utløpte annonser.
Hvor kan jeg se ansettelsestype og arbeidsform?
De viktigste vilkårene vises over beskrivelsen. Du kan også åpne lignende stillinger hos Stord kommune og i Norge.